Kirken logo
Barnenattverd

Barnenattverd

Rapport fra Kifo om nattverd for barn i kirken

  • Alder
    3-5, 6-8
  • Laget av
    KIFO
  • Publisert
    04.09.2019
  • Oppdatert
    02.09.2022
  • Beskrivelse

    Utviklet med støtte fra Størst av alt - Trosopplæring i Den norske kirke

    Då borna opna nattverden

    I 1993 vart aldersgrensa for nattverdgang fjerna og barn fekk tilgang til nattverd. I Då barna opna nattverden ser vi nærare på kva dette førte til. Kor vanleg er det blitt at barn deltek i nattverd? Korleis reagerer barn på å delta? Har barn si deltaking påverka forma på nattverdsfeiringa og dei vaksne sin bruk og oppleving av nattverden?

    Rapporten ser særleg på korleis trusopplæringsarbeidet i Den norske kyrkja har teke i bruk barnenattverd. Resultata bygger på feltarbeid i to eksempelkyrkjelydar og eit spørjeskjema sendt til trusopplæringstilsette. Innføringa av barnenattverd blir også sett inn i ein vidare historisk og kulturell samanheng ved å sjå på endringane i norsk nattverdstradisjon fram mot barnenattverd.

    Rapporten si hovudtese er at opninga av nattverden for barn, har vore med og opna den norske nattverdspraksisen. Prosjektet er gjennomført av KIFO-forskarane Olaf Aagedal, Ånund Brottveit og Tore W. Rafoss, og finansiert gjennom utviklingsmidlar frå Trusopplæringsreformen.

    Last ned rapporten her: Då borna opna nattverden

    Trykt versjon kan bestilles på kifo@kifo.no for 100,- + porto.