
Illustrasjon av Magne V. Kristiansen
Krossvandring og håpsvandring
Krossvandring og håpsvandring - eit tilbod til kyrkjelydar i heile landet
-
Beskrivelse
Gjer påska sin bodskap synleg!
Korssvandring og Håpsvandring.
Desse vandringane kan brukast i samlingar med born og konfirmantar, og ellers for heile kyrkjelyden.
De kan montera plakatane på plater og henga dei opp på kyrkjeveggen, rundt på kyrkjegarden eller langs ei turløype. Då kan de bruka dei til ei pilegrimsvandring. De kan òg bruka dei inne i kyrkja.
Det er to sett ned plakatar. Dei formidlar påska sin bodskap i ord og kunstbilete.
Korsvandringa har vi kalla VIA DOLOROSA. Korsvandring er ein gamal tradisjon i fastetida og særleg på langfredag. Serien vår inneheld det økumeniske utvalet av bibeltekstar for korssvandring, frå Getsenmane til Golgata.
Håpsvandringa VIA LUCIS oppstod i Italia i 1988. Tanken er å formidla Jesu oppstode til ei verd som treng håp og lys. Via Lucis tyder lysvegen. Denne serien startar ned den tomme grava og held frem til Jesus si himmelferd og lovnad om at han er med oss. Serien kan brukast frå påske til pinse.
Kvar sett har ein informasjonsplakat og plakatar til 14 stasjonar. Kvar plakat har ein bibeltekst som er illustrert ned eit bilete av kunstnaren Magne V. Kristiansen. I 2022 har ni av plakatane i Via Lucis fått nye bilete.
Bibeltekstane er henta frå Bibelselskapet sine omsetjingar Bibel2011 og Lukas - lett å lesa. De kan velje mellom NYNORSK OG BOKMÅL.
Plakatane er framstilte i A3 format i plast som toler utandørs bruk. Dei vert trykte i lysete fargetrykk på PP-film av FluorLux AS i Stryn. Vi har gode erfaringar med haldbarheit i fleire år.
Plakatane bør monterast på stive plater.
Pris pr serie kr 2500. MVA og frakt kjem i tillegg. Overskotet frå salet går til Det norske misjonsselskap sitt arbeid i Mali.
Trykk her for bestilling og meir informasjon.
Kontaktperson: Sokneprest Kjetil Netland Epost: kjetil.netland@sogndal.kyrkja.no
Tlf: 476 28 555Helsing frå Balestrand sokneråd
- Relaterte ressurser