Kyrkja i totalforsvaret
Den norske kyrkja er til stades både i Forsvaret og i Heimevernet. I samband med Totalforsvarsåret besøkte preses og Hamar-biskop Heimevernet.

Regjeringa har bestemt at 2026 skal vere Totalforsvarsåret. Gjennom 2026 skal Noreg styrke si evne til å førebyggje og handtere tryggleikspolitiske kriser og krig.
I januar inviterte Sjef Forsvarets trus- og livssynskorps Torstein Holten og Sjefsprest i Heimevernet Gaute Aurdal til møte mellom Den norske kyrkja og Heimevernet.
Preses Olav Fykse Tveit og Hamar-biskop Ole Kristian Bonden var blant deltakarane frå kyrkja.
– Det var lærerike og svært nyttige samtalar med leiinga i Heimevernet, seier preses Olav Fykse Tveit om besøket.
Gjensidig auka forståing
Målet med møtet var å gje betre forståing av kyrkja si rolle som beredskapsaktør og Heimevernet si forståing av kyrkja i totalforsvaret. Kyrkja har kompetanse og nettverk som kan støtte Heimevernet sitt arbeid – både i fredstid, under øvingar og ved kriser og beredskapssituasjonar.
General i Heimevernet, Frode Ommundsen og stabssjef Brigader Randi Åste Huse tok godt imot representantane frå kyrkja. Det vart gode samtalar og konkrete planar for vidare samarbeid.
– Vi drøfta beredskap og Totalforsvarsåret, og såg at det ikkje minst i relasjonen mellom Heimevernet og kyrkja er mange kontaktpunkt og relaterte oppgåver, fortel preses.
Eit av tiltaka var semje om å inngå samarbeidsavtalar mellom Heimevernet og kyrkja i alle bispedøme, slik det er gjort i nokre bispedøme allereie.
– Det var fleire ting å følgje opp på vår side, både i Bispemøtet og i ulike samanhengar i kyrkja lokalt, regionalt og nasjonalt, seier preses.
Prestar i heimevernet
Heimevernet er ein viktig del av Noreg sitt totalforsvar og består av om lag 40 500 reservistar som kan mobiliserast ved behov. Dei sørgjer for lokal beredskap og støtte til det sivile samfunnet ved kriser og plutselege hendingar.
Heimevernet har til saman 36 prestar i Heimevernet, tre i kvart heimevernsdistrikt. Dei er ein del av styrkestrukturen og fungerer som eit bindeledd mellom Den norske kyrkja og Forsvaret i heile landet.
Feltprestane deltek på årlege øvingar, fagsamlingar og er ein del av landets beredskap i fred, krise og krig.
Prestar kan kallast inn til å gjere teneste som feltprestar som ein del av verneplikta. Dei kan òg kallast inn til repetisjonsteneste, også kalla «repøving», for å halde kunnskapen ved like og øve.
I slike tilfelle er prost som arbeidsgjevar lovpålagt å leggje til rette for permisjon, i samsvar med arbeidsmiljølova § 12-12.
Dette kan beredskapsansvarleg i Kyrkjerådet eller sjefsprest i Heimevernet gje meir informasjon om.
På bildet øverst fra venstre: Inger Anne Naterstad (Seniorrådgiver Kirkerådet), Kenneth Hansen (Kirkefagsjef Hamar bispedømme), Torstein Holten (Sjef FTLK), Gaute Aune Aurdal (Sjefsprest Heimevernet), Randi Åste Huse (Stabssjef Heimevernet), Ole Kristian Bonden (Hamar biskop), Olav Fykse Tveit (preses), Svein Magne Christensen (Seniorrådgiver Kirkerådet), Frode Ommundsen (Sjef Heimevernet), Per Jørgen Roaldseth (Generalsekretær landsrådet). Foto: Forsvaret/Heimevernet.