Kirken logo

29. oktober vert det LIM-fagdag

LIM står for likestilling, inkludering og mangfald og i oktober inviterer Kyrkjerådet til digital fagdag om temaet.

29. oktober vert det LIM-fagdag
Publisert 16. februar 2026
Oppdatert 16.02.2026
Likestilling, inkludering og mangfald (LIM) er eit viktig felt – både for kyrkja som arbeidsplass og som eit trusfellesskap. Forventningsdokumentet frå 2021 slår fast at kyrkja har rom for alle og bruk for alle. 
 
I oktober inviterer Kyrkjerådet til digital LIM-fagdag. Det skjer 29. oktober, kl. 09.00–12.00. 
 
– På LIM-fagdagen får vi presentert gode eksempel og konkrete verktøy for systematisk LIM-arbeid, fortel HR-direktør Erik Faye Lindvig. 
 
Dagen er særleg relevant for HR-ansvarlege, leiarar, tilltisvalde, men alle tilsette er velkomne.
 
I år vert mellom anna rasisme og kvardagsdiskriminering sett på programmet, mellom anna med ny forsking frå KIFO om prestar med innvandringsbakgrunn
 
HR-direktøren håpar mange vil setje av tidspunktet i kalendaren: 
 
– Hald av tida og inviter gjerne kollegaer! Sjølv om programmet er digitalt, er kollegaer oppmoda om å sitje saman, for å kunne diskutere og snakke ilag, seier Faye Lindvig.