Einskap og kjærleik
Bøneveka for kristen einskap byrjar om få dagar. I meir enn hundre år har kristne samla seg i bøn om einskap og fred. I år er vi saman med kristne kyrkjelydar og grupper frå meir enn 120 land.
Bøneveka 18.-25. januar.
«Eg bed om at dei alle må vera eitt, (…) slik at verda kan tru», utfordrar Jesus (Johannes kap 17,21) I årets tema vert vi og utfordra på det dobbelte kjærleiksbodet i vår tid. Til saman er dette grunnlaget for årets verdsvide bøne-fellesskap.
Fleire veit eg har faste samarbeid kring bøn og fellesskap med ulike kyrkjer på denne tida. For dei som ikkje har det, oppmodar eg likevel tenkja enkelt, ta kontakt med ei eller to nabokyrkjer. Eller bruk tema og ei bøn om einskap på stabsmøte eller soknerådsmøte. Verda treng einskap, fred og kjærleik meir enn nokon gong, seier Einar Tjelle, internasjonal direktør i Den norske kyrkja.
Les meir og finn materiale her:
Kontaktpersoner
-
Einar Tjelle Internasjonal direktør og seksjonsleder, økumenikk og dialog et982@kirken.no Tlf: 92 82 84 61