Kirken logo

Kirkens Nødhjelp: nytt kurs til sokneråd og diakoniutval

Visste du at Den norske kyrkja er oppdragsgivar for Kirkens Nødhjelp? Alle ansatte og frivillige med verv i sokneråd eller diakoniutval i Den norske kyrkja er tilråda å ta dette korte kurset for å lære meir om Kirkens Nødhjelp og kyrkjelydane sin relasjon til organisasjonen.

Kirkens Nødhjelp: nytt kurs til sokneråd og diakoniutval
Publisert 2. februar 2024
Oppdatert 06.02.2024

Kyrkjene i Noreg er oppdragsgivarane til Kirkens Nødhjelp. Kirkens Nødhjelp er ein profesjonell bistandsorganisasjon som arbeider i over 30 land. Som bistandsorganisasjon har ikkje Kirkens Nødhjelp mykje pengar på bok. Pengar som kyrkjelydane samlar inn til fasteaksjonen er eit svært viktig grunnlag for at ytterligare midlar vert generert frå til dømes bistandsbudsjettet, og sikrar at menneske kan få hjelp så snart som mogleg når ei katastrofe inntreff.

Det er viktig at dei som sit i sokneråd og diakoniutval, og alle tilsette i Den norske kyrkja, har kjennskap til Kirkens Nødhjelp og den særskilde tilknytninga  mellom Den norske kyrkja og Kirkens Nødhjelp.

Kurset er laga av Kirkens Nødhjelp og består av ein kort film og spørsmål til samtale og refleksjon. Det kan være fint om sokneråd og tilsette tek kurset i fellesskap. Ved å gjennomføre kurset vert de betre kjend med Kirkens Nødhjelp som diakonal organisasjon og bandet mellom organisasjonen og kyrkjene i Noreg.

Trykk her for å kome til kurset dersom du sit i sokneråd eller er tilsett i eit fellesråd

Trykk her for å kome til kurset dersom du er tilsett i rettssubjektet Den norske kyrkja

Kurset finst også på Kirkens Nødhjelp side nettsider her