Snart kjem resultat frå medlemsundersøkinga
I neste veke kjem resultatet frå medlemsundersøkinga.
Publisert
3. november 2023
Oppdatert
03.11.2023
Annankvart år vert det gjennomført ei medlemsundersøking i Den norske kyrkja. Førre gong var i 2021 – og snart er resultata frå undersøkinga i år klare.
Eit representativt utval av medlemmane svarar på spørsmål knytt til:
- Deltaking og kontakt med kyrkja
- Oppfatningar om Den norske kyrkja
- Kyrkja si betydning
- Tru
- Verdisyn og samfunnsspørsmål.
I år vart det også spørsmål om folk hadde fått med seg at det var kyrkjeval i år, noko åtte av ti medlemmar hadde fått med seg. Les meir om det her.
Det er plan om å offentleggjere resultata måndag 13. november, og det kjem informasjon i nyheitsbrev 14. november. Då vil det vere ein rapport for kyrkja som heilskap og ein rapport per bispedøme.
Undersøkinga er gjennomført av Opinion på vegne av Den norske kyrkja.