Kirken logo

Hurra for kjærleiken!

Over 400 par gifta seg på valentinsdagen i Den norske kyrkja

Hurra for kjærleiken!
Publisert 15. februar 2026
Oppdatert 16.02.2026

– Det er fantastisk at så mange kyrkjer har vore opne for bryllaup på valentinsdagen, og at så mange vil kome når kyrkja opnar dørene for å feire kjærleiken, seier Harald Hegstad, leiar i Kyrkjerådet.

Over 400 par gifta seg på valentinsdagen i Den norske kyrkja, då meir enn 120 kyrkjer opna dørene for alle som ville feire. Mange hadde meldt interesse og avtalt tidspunkt på førehand, medan andre par droppa innom.

Sheeba Irudayam som er prest i Mariakirken i Bergen, var blant prestane som via par på valentinsdagen. Ho fortel om ein veldig fin dag i kyrkja. 

– Det var god stemning og låge skuldrer. Det var gjevande på mange måtar, og det er flott at kyrkje er open og tilgjengeleg for folk på ein slik dag. 

Ho fortel at alle brudepara kjem til kyrkja med sine ulike historier.

– Dei har teke eit reflektert val om å gifte seg. Det er vakkert å få lov å vere med på. Nokre par kom åleine, og hadde dermed bruk for vitner, og då stilte kyrkja opp! Det seier noko om det utvida fellesskapet vårt, seier Irudayam. 

Valentindsagen var også ei feiring der mange frivillige var involvert, også i Mariakirken i Bergen. 

– Vi hadde med fleire frivillige gjennom dagen som ordna med kaffi og kaker, og vi hadde aldri klart oss utan dei, konkluderer Irudayam. 

Les meir om bryllaupsrekorden her.

 

Foto: Sheeba Irudayam i eit av dei elleve drop-in-bryllaupa i Mariakirken på valentinsdagen 2026 (foto: Gyrid Cecilie Nygaard)