Kirken logo
Babysong

Foto: Bo Mathisen

Babysong

Babysong som kontinuerleg arbeid i trusopplæringa eller organisert kurs

  • Alder
    0-2
  • Laget av
    Kirkerådet med samarbeidspartnarar
  • Publisert
    01.03.2018
  • Oppdatert
    11.12.2024
  • Beskrivelse

    Babysong

    Babysong er når foreldre og babyar syng saman! Dette er ein fin måte for foreldra å kome i kontakt med kyrkja på, og kan være eit viktig springbrett for seinare trusopplæringstiltak.

    Musikk er viktig for barnet si motoriske, emosjonelle og sosiale utvikling. På babysong får barnet moglegheit til å uttrykke og utfalde seg musikalsk. Målet er å skape ei felles oppleving gjennom å leike, synge og utforske saman med barnet sitt.

    Babysong som organisert kurs

    Babysong kan arrangerast som eit organisert kurs, med påmelding. Fordelen med kurs er at leiaren veit kor mange som kjem kvar gong, noko som gjer det lettare å planlegge. Den faste gruppa med deltakarar vert godt kjent med kvarandre. Eit kurs kan vare frå seks til åtte gonger, og erfaringar viser at mange som deltek på eit kurs gjerne vil vere med på neste kurs.

    Babysong som kontinuerleg arbeid

    Babysong kan òg vere opne samlingar, som ein del av det kontinuerlige arbeidet i kyrkjelyden. Fordelen med å organisere babysongen som eit ope tilbod er at fleire kan delta på babysong, sidan terskelen vert lågare, og det vert lettare for dei som ikkje kan delta kvar veke. Då kan foreldra kome når det passer dei, og dei kan vere med så lenge dei har glede av det.

    Begge modellane kan fungere godt i arbeidet med babysong.

  • Planlegging

    Planlegging

    Kontakt i forbindelse med dåp er eit godt utgangspunkt for samvirke mellom heimen og kyrkja. Korleis kan heimen, fadrar og kyrkja samarbeide om oppfyølging av dåpen? Korleis kan ein etablere ritual for kvardagane, høgtider og livsritar? Eit tips er å invitere til babysong allereie i samband med dåpen, for å halde på kontakten!

    Her finn du viktig informasjon til førebuing av samlingane, og korleis organisere babysong.

    I dette dokumentet finn du gode råd og tips for arbeidet med babysong

    Kontakt med heimen

    For aldersgruppa 0-5 år er det avgjerande for kyrkjelydane å bygge kontakt og samvirke med heimen. I dette dokumentet kan du lese meir om barneteologi og babysong 

  • Ressursar

    På denne sida finn du ressursar til gjennomføring av babysang. Både musikkfaglege og pedagogiske ressursar, og forslag til salmer, sangar og musikk som kan brukast.

    Babysong i kyrkjeleg kontekst:

    IKO tilbyr gjevnlig kurs i babysang, både nasjonalt og regionalt.

    Bom Dirri, Frelsesarmeen
    Noter, tekst og idéer til aktiviteter for Bom Chicka Bom og Dirridam

    Gynge lite grann, IKO
    Babysang som trosopplæring. Trosopplæring i praksis

    Gynge mer, IKO
    Sanger for de små, utgitt i 2016

    Sangboksen min, IKO.
    Sangkort med 30 kristne sanger. Sangkort passer ofte bedre til småbarnssang enn babysang.

    Småbarnssanger til trosopplæringen
    Utviklet med støtte fra Størst av alt – trosopplæring i Den norske kirke
    Et hefte med sanger og metodikk for barn i aldersgruppen 0-6 år. Sanghefte og CD med singback bestilles fra Ung kirkesang. Her kan du også bestille enkeltnoter.

    Ressursen BibelBravo inneholder sangressurser for de minste, inkl. spilleliste på Spotify.

  • Gudstenester

    Gudstenester

    Sansegudstjeneste

    Haslum kirke lagar ei sansegudsteneste der 1-åringer som har vore på babysong blir spesielt invitert. Gudstenesta inneheld ei sansevandring som passar for de minste.

    Babysonggudstjeneste

    Å arrangere ei babysonggudstjeneste kan vere ein fin måte å inkludere babysongarbeidet i kyrkjelyden sitt gudstjenesteliv. Med ei slik gudsteneste vert det tydelig at babysong er ein viktig del av kyrkjelyden sitt arbeid.

  • Kommunikasjon

    Bruk Den norske kyrkja sitt arkiv for bilete og malar

    På design.kirken.no finn du profilelement, bilete og malar som kan nyttast fritt i Den norske kyrkja. → Klikk her for å gå til design.kirken.no. Alle bilete har gyldig samtykke for bruk i Den norske kirke →Klikk her for å gå til bilete (krev innlogging)

    På design.kirken.no finn du òg maler til trykk, digitale flater og administrasjon. Her finst eit malverktøy som du enkelt kan bruka til utforming av plakatar, brosjyrar og bilete til postar i sosiale medier, rett i nettlesaren. Du finn dessutan malar til nedlasting av avanserte InDesign-filer og enkle Word/Powerpoint-malar → Direktelenke til malar her (nedlastbare malar tilgjengeleg uten innlogging, logg inn for å bruke malverktøy)

    Slik loggar du inn på design.kirken.no

    Logg inn her. Trykk på den raude knappen om du har @kirken.no/@kyrkja.no-e-post. Trykk på Trykk her for å logge inn med ein annan e-post om e-postadressa di ikkje slutter på @kirken.no/@kyrkja.no.

    Logoar og illustrasjonar

    Babysongfuglen, logoar og andre grafiske element i ulike format kan lastes ned i ei samlemappe her.

    Babysongfugl-symbol


    Klikk på illustrasjonen for nedlasting

    Logo og botntekstsymbol: Nynorsk




    Klikk på illustrasjonen for nedlasting

    Logo og bunntekstsymbol: Bokmål




    Klikk på illustrasjonen for nedlasting