Kirken logo

Skulegudstenester er lov

Ny opplæringslov forbyr forkynning i skulen. I skriftleg svar til Stortinget understrekar kunnskapsministeren at forbodet ikkje omfattar skulegudstenester før jul.

Skulegudstenester er lov
Publisert 18. november 2024
Oppdatert 18.11.2024

Frå 1. august gjeld ny opplæringslov i Noreg. Tidlegare hadde opplæringslova eit forbod mot forkynning i KRLE-faget, men i den nye lova er dette utvida til å vere ein generell ordlyd for heile opplæringa.

I eit fersk svar til Stortinget i førre veke, understrekar kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun at skular har lov å takke ja når kyrkja inviterer til gudsteneste:

– Tilbod om skulegudsteneste er ikkje omfatta av forbodet mot forkynning i opplæringa, skriv statsråden.

Les heile svaret frå Nessa Nordtun her (stortinget.no).

Tidlegare kunnskapsminister Tonje Brenna, svarte det same då ho fekk skriftleg spørsmål i Stortinget i juni 2023.

Følg vegleiaren frå Udir

Utdanningsdirektoratet sin vegleiar er oppdatert 1. august i år, i tråd med ny opplæringslov. Som tidlegare legg den vekt på at

  • gudstenesta ikkje skal vere avslutning
  • det skal vere frivillig å delta (rett til fritak)
  • det skal vere eit likeverdig pedagogisk alternativ for dei som ikkje ynskjer å delta

Les vegleiaren frå Utdanningsdirektoratet her (udir.no).

Ta kontakt med skulen

– Skulegudstenester er lov. Det seier både kunnskapsministeren og Utdanningsdirektoratet. Som kyrkje må vi følgje vegleiaren og vi må ha dialog med rektor, lærarar og skuleeigar for at dette skal skje på ein god måte.

Det seier avdelingsdirektør i Kyrkjerådet, Jan Christian Kielland.

Han oppmodar til å ha god kontakt med skulane når årets skulegudstenester vert planlagd:

– Skulegudstenester er ein god måte for at elevane skal bli kjent med juleforteljinga som framleis ligg til grunn for tradisjonar, kulturarv og høgtid i Noreg. Ta kontakt med skulen og snakk om korleis ein kan få til skulegudstenester eller andre markeringar på ein god måte også i år.

Les meir på ressursbanken.no her.