Kirken logo

Vandring for forandring

Vandring for forandring er overskrifta til ei pilgrimsvandring for etterlatne etter sjølvmord.

Vandring for forandring
  • Publisert
    22.09.2025
  • Oppdatert
    22.09.2025
  • Kva er Vandring for forandring?

    Vandring for forandring er ei årleg pilegrinsvandring for etterlatne etter sjølvmord. Sidan 2012 har Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordforebygging (RVTS) Sør, prostidiakonen i Vest-Telemark, LEVE – Landsforeningen for etterlatte ved selvmord og Agder og Telemark bispedøme samarbeidd om vandringa.

    Vandringa går over to dagar, frå Haukeliseter til Røldal kyrkje, langs gamle pilegrimsvegar. Målet er å tilby etterlatne eit alternativ til eksisterande sorgtiltak – eit rom der moderne pilegrimskultur kan knytast til sorgarbeid.

    Vegane ligg der, og i enden ventar eit gamalt pilegrimsmål: det sveittande krusifikset i Røldal.

    Dei siste seks åra har vandringa vore eit tilbod berre for menn, då fagfolk peikar på menn som ei særleg sårbar gruppe blant etterlatne.

    Vandringsrute:

    • Dag 1: Ca. 12 km i lett fjellterreng frå Ulevåvatnet til Dyrskar
    • Overnatting: Haukeli Hotell i Edland
    • Dag 2: Ca. 13 km frå Svandalsflona via Austmannalia til Røldal stavkyrkje
    • Avslutning: Markering av Verdsdagen for førebygging av sjølvmord i kyrkja
  • Kvifor Vandring for forandring?

    • Etterlatne ved sjølvmord er ei utsett gruppe.
    • Menn er meir utsette for sjølvmord enn kvinner.
    • Det er behov for varierte og tilpassa tilbod om sorgstøtte.

    Å vandre saman i storslått natur kan opne for samtalar om det vanskelege og det uuthaldelege. Ein deler målet, og opplevinga av å vere på veg.

     

  • Korleis gjennomføre Vandring for forandring?

    • Start med kort introduksjon om ruta og eit namnrop: «Kven har du mista?».
    • Praten kjem ofte raskt i gang.
    • Smale stiar gjev rom for stillheit, breie vegar for samtale.
    • God mat og eine-rom gjev høve til å trekke seg attende.
    • Siste dagen: kort stopp før målet – nokon som vil dele noko?
    • Ved siste middag: gule lappar til evaluering, bilete som fortel om turen, sendast til arrangørane.
  • Erfaringar frå deltakarar

    • Pilegrimstradisjonen som ramme
      • «Ikkje berre ein gåtur»
      • Ei vandring med eit mål
    • Likepersonstøtte
      • Å møte andre i same situasjon
    • Hjernebiologi
      • Rørsle og fysisk aktivitet gjer det lettare å kjenne på kjensler og knyte band
    • Naturen som verkemiddel
      • Naturopplevingar, tåka som lettar, lyset i enden av tunnelen
      • «Terapi utanfor terapirommet»
    • Å delta på eigne premissar
      • Gå saman, gå åleine, snakke, vere stille
    • Å delta som heile menneske
      • Etterlatne, men også bonde, brøytebilsjåfør, arkitekt, fiskeentusiast, musikar, geograf, far, son…

    «Det var så godt å bruke tankane på å finne ein trygg stad å setje foten… og så var det godt å sjå på dei som gjekk framfor meg», deltakar

    «Gnagsår, smerte i kne og rygg – er eigentleg bagatellar mot den psykiske smerta som ein gong var. Har ein overvunne den, er alt mogleg», deltakar

     

  • Kontakt

    For meir informasjon kan ein vende seg til arrangørane av Vandring For Forandring:

    • Eilev Erikstein, prostidiakon i Vest-Telemark, e-post: eilev.erikstein@tokke.kommune.no, mobil: 91113580
    • Ole Hafell, diakon i Ung Sorg, og aktiv i LEVE, e-post: oh422@kirken.no, mobil: 93401955
    • Øyvind Dåsvatn, spesialrådgjevar RVTS Sør, e-post: oyvind.dasvatn@rvtssor.no, mobil: 97711651
  • Lenke til artikkel i Vest- Telemark Blad

    I denne artikkelen kan du lese meir om Vandring for forandring i 2025: Pilegrimsvandring for menn som har mista nokon i sjølvmord: – Me har ein vond fellesnemnar

Kontaktpersoner

  • Mirjam Syltebø Endalew
    Mirjam Syltebø Endalew Seniorrådgiver diakoni og samfunn, avdeling for kirke og samfunn, Kirkerådet me529@kirken.no Tlf: 98056761