Kirken logo
Drop-in-dåp - kommunikasjon

Drop-in-dåp - kommunikasjon

Mange kyrkjelydar tilbyr drop-in-dåp, åpen dåpsdag eller dåpsfest i tillegg til dåp i gudstenesta. Den nasjonale kampanjen i 2024 som oppmodar til å bli døypt og som ynskjer velkomen til drop-in-dåp, går føre seg i tida 6. til 26. mai. Kampanjen er synleg for utvalde målgrupper hjå Snapchat, Instagram og Facebook. Tanken er at flest mogeleg kyrkjelydar inviterer til drop-in-dåp i pinsehelga eller i dei to vekene etter pinse.

  • Laget av
    Kirkerådet
  • Publisert
    30.11.2023
  • Oppdatert
    19.11.2024
  • Beskrivelse

    Drop-in-dåp 

    Om ein kallar det drop-in-dåp eller åpen dåpsdag er ikkje det sentrale, men mange lukkast godt i skipa til eigne arrangement for dåp utan påmelding på førehand og som eit supplement til dåp i gudstenesta. 

    Finn nedlastbare ressursar, hugseliste og erfaringar i sidemenyen.

     

    Nasjonal drop-in-dåp-kampanje i 2024

    Frå pinsa i 2024 og to veker fram er det nasjonal merksemd om drop-in-dåp, som eit supplement til dåp i høgmessa.

    Vi vonar at så mange kyrkjer som mogeleg opnar for fleksible tidspunkt i desse to vekene. På den måten får vi optimal effekt av den nasjonale og lokale marknadsføringa i fleire kanalar.

    Dåpsdagar vert arrangert i perioden 19. mai til 2. juni.

    Kyrkjerådet anbefaler å legge inn arrangement i skjerikyrkja.no innan 1. mai.

    Den nasjonale kampanjen i sosiale media som oppmodar til å bli døypt og som ynskjer velkomen til drop-in-dåp, går føre seg i tida 6. mai til 26. mai. 

  • Begrunnelse for drop-in-dåp

    Kvifor drop-in-dåp?

    Fleire kyrkjelydar har gode erfaringar med å invitere til open dåpsdag. Her kan dei som ynskjer droppe innom, gjennomføre dåpssamtale og verte døypt.

    Ein av dei som har erfaringar med drop-in-dåp er Fredrikstad domkyrkje, og sokneprest Endre Fyllingsnes fortel om gode tilbakemeldingar på dagen.

    – Fleire barn av ikkje-medlemmer vart døypte, og dei vaksne i dåpsfølgjet fortalde etterpå at det gjorde eit uutsletteleg inntrykk å vere med på dette. Dei frivillige som hjelpte til sa at dette var den mest meiningsfulle dagen dei hadde hatt i kyrkja.

    Nasjonal aksjon

    Frå pinsa i 2024 og to veker inn i juni er det no planlagt ein periode med nasjonal merksemd om drop-in-dåp, som eit supplement til dåp i høgmesse.

    – Vi vonar at så mange kyrkjer som mogeleg opnar for fleksible tidspunkt i desse to vekene neste vår, seier kyrkjerådsdirektør Ingrid Vad Nilsen

    – På den måten får vi optimal effekt av den nasjonale og lokale marknadsføringa i fleire kanalar.

    Vad Nilsen oppmodar til å ta dette med i planlegging av arbeidet for vårsemesteret 2024.

     

  • Planlegging

    Arrangere drop-in-dåp for første gang?

     

    Se hvordan Stjørdal menighet planla og gjennomførte drop-in-dåp.

    I videoen forteller de to prestene, Kristine Setran og Per Anton Leite, om deres opplevelse av denne typen dåpsarrangement og hva som skal til for å invitere til drop-in-dåp.

     

    Hugseliste til planlegging av drop-in-dåp

    • Start planleggingen i god tid. Kva med å lage ein plan for kommunikasjon? Bruk gjerne kommunikasjonsressursar som ligg i menyen til høgre og gjer lokale justeringar. Det viktigaste er å vere synleg i sosiale medier. Set av ein liten sum til sponsa innlegg på Instagram, Snapchat og Facebook. Ta kontakt med lokalpressa og skriv artikkel eller sett inn annonse i kyrkjelydsbladet. Ikkje gløym eigne nettsider sidan det gjev resultat når Google vert nytta av dei fleste for å finne ut av ting.
    • Legg inn arrangementet på skjerikyrkja.no. 
    • Engasjer frivillige som dåpsvertar, pyntekomité og kakebakarar. Frivillige og/eller tilsette må også vere førebudd på å stille opp som fadrar.
    • Gjennomfør alt av vanlege rutinar, som papirarbeid og dåpssamtale når den/dei som ynskjer dåp kjem til kyrkja.
    • Dette må klarerast før dåpen skjer: Identifikasjon på at det er rett person som ynskjer å bli døypt (be om legitimasjon og postadresse). Er vedkomanade registrert i eit anna trussamfunn, og kan personen derfor være døypt tidlegare? Dersom dåpskandidaten er under 15 år, og ikkje begge føresette med, er det då innhenta erklæring/fullmakt frå den føresette som ikkje er til stades? Ta med utstyr til å skrive ut førebels dåpsattest.
    • Gjer det godt synleg at kyrkja er open denne dagen. Heng opp plakat på døra, pynt gjerne med ballogar og vis at det er ein spesiell dag i kyrkja. Mange har laga flagg og plakater som fortel om "Open kyrkje" eller Drop-in-dåp".
    • Fleire kyrkjelydar kan gjerne gå saman for å ha fleire prestar og breiare nedslagsfelt.
    • Ha både fadrar og dåpskjolar klar til dei som treng det. Fortel om det på førehand.
    • Ta vare på dåpsfølgja mens dei ventar på tur. Ha ein triveleg stad der dei kan vere.
    • Hugs musikk under seremonien. Orgel, salmar, solist – bruk det som passar hjå dykk.
    • Inviter til kaffi og kake etterpå, eller gjer det heilt einkelt med brus og sjokolade. Dåpen er verd ein liten fest!
    • Fint om ein melder frå til andre kyrkjelydar dersom dei har fått nye medlemmar gjennom drop-in-dåpen. Slik kan dei stå for tilbod om oppfølging av den døypte.

     

  • Erfaringer

    Lær av gode erfaringer

    Korleis skjer eigentleg drop-in-dåp? Og kva er dei beste råda kyrkjelydane med erfaring kan gi til andre som vurderer drop-in-dåp?

    Les artikkelen med gode erfaringer under fr å høyre ulike kyrkjelydar som har arrangert drop-in-dåp. 

    Eller last ned som Word-fil: Gode erfaringar.

    «Drop-in» kan kanskje høyrast ut som noko lettvint samanlikna med den planlagde og tradisjonelle originalen med dåp i gudstenesta. Men ei unison tilbakemelding frå prestar med drop-in-erfaring seier det motsette:

    «Ein stor og høgtideleg festdag», «sterke og fullverdige seremoniar» og «ein fantastisk dag i kyrkja for alle involverte» er berre nokre av beskrivingane av drop-in-dåpsarrangement i Lademoen, Stiklestad, Stavanger og Fredrikstad.

    Kyrkjelydane har hatt litt ulike variantar av drop-in-dåp, men likevel med mange fellespunkt: open kyrkje ein vanleg laurdag, god kommunikasjon på førehand, vanleg orden og kontroll på papirarbeidet, dåpssamtalar og fest og kake i stort eller lite format. Nokre gonger har kyrkja tilbydd seg å stille med både dåpskjolar og fadrar.

    – Like høgtideleg og rørande kvar gong

    – Vi har hatt drop-in-dåp fleire gonger. Dette er faktisk fjerde året på rad. No sist inviterte vi til dåp i Stiklestad kyrkje, ei mellomalderkyrkje som mange har eit forhold til, fortel prost i Sør-Innherad, Christine Waanders.

    – Nokre dåpsfølgje er små, andre større, men det blir likevel veldig intimt. Same kor mange vi er, står vi i ein ring rundt døypefonten. Det åleine skaper jo ei fin oppleving. Vi syng ein song saman, «Måne og sol» eller ein dåpssalme, og gjennomfører dåpshandlinga. Det er like høgtideleg og rørande kvar gong. Tilbakemeldingane vi får, er at folk ikkje hadde trudd at det skulle bli så fint som det blei, seier Waanders.

    – Når folk kjem til kyrkja, har vi ein samtale med dei og ønskjer dei velkommen. Vi sjekkar om papira er i orden, og om dei har medlemskap i andre trussamfunn. Målet er å gjere dei trygge på presten. Etterpå inviterer vi til selskap, og enn så lenge har alle vore med på det. Då er det høgtidelege overstått, og folk slappar av og er litt meir pratsame. Det er kjempefint. Vi pleier å ha med nokon frå kyrkjelydsrådet som vertar, og det siste året har vi òg hatt ein diakoniarbeidar. Det er gull verdt, mellom anna for å ta vare på dei som eventuelt står i kø.

    Kø utanfor kyrkjedøra

    Lademoen kyrkjelyd i Trondheim var den første kyrkjelyden i Noreg som hadde drop-in-dåp. Det var våren 2015.

    – Eg hadde vore på trusopplæringskonferansen og hadde fått høyre om erfaringane med drop-in-dåp i Sverige. Dåpstala gjekk ned, og vi ønskte at det skulle bli enklare for folk i nærområdet å ta del i dåpen, fortel sokneprest Stein Ellinggard. I tillegg ønskte vi å gjere dåpen meir tilgjengeleg for alle; ein drop-in-dåp krev ikkje nokon stor familiefest eller dyre rammer. Vi ville gjere terskelen inn til den kyrkjelege handlinga lågare. Vi var spente første gongen, men det var kø utanfor kyrkjedøra. Den første som blei døypt, var ei jente på rundt ti år, fint pynta og med tilreisande familie. Den eldste var 73 år. Ho forklarte at ho aldri var blitt døypt fordi ho «ikkje ville forstyrre kyrkja», seier Ellinggard.
    Lademoen har hatt mange drop-in-dåpsarrangement etter dette, og talet på frammøtte har gått noko ned. Likevel kjem det stadig folk, ofte frå kyrkjelydar i nærleiken.

    – Dei fleste er barn, vaksne og eldre, men det hender òg at babyar blir døypte. Det er mange sterke historier. Enkelte kvir seg for å døype i ei høgmesse. Dei opplever gudstenesta som eit utstillingsvindauge som dei ikkje ønskjer å vere i. Eg har høyrt argument mot å flytte dåpen ut av gudstenesta: Det kan bli for lettvint for folk. Men vi bruker den vanlege dåpsliturgien i drop-in-dåpen, og den held. Folk som kjem, tek dåpen på alvor, dei stikk ikkje berre innom. Vi i kyrkja må vere flinke til å leggje til rette for og gjennomføre drop-in-dåp på ein god måte, også med tanke på marknadsføringa, seier Ellinggard.

    – Planlegg informasjonen godt

    Her får han støtte frå kommunikasjonskonsulent Mia Gill Kristiansen i Fredrikstad kyrkjelege fellesråd. I Fredrikstad har dei erfaring med drop-in-dåp, og dei har satsa på å marknadsføre både drop-in-dåp og dåp generelt. Folk har fått vite om drop-in-dåpen hovudsakleg via tre kanalar: gjennom plakatar, på Facebook og i Fredrikstad Blad.

    Marknadsføringsstrategien for dåpsarrangementa i Fredrikstad har elles vore grundig og omfattande, med alt frå Google- og SoMe-annonsering til samtalar på eldretreff og pressemeldingar til lokalmedia. Slik er det nesten blitt vanskeleg å unngå å møte bodskapen om drop-in-dåp i månaden før arrangementet, og dei ulike kommunikasjonskanalane forsterka kvarandre.

    – Det viktigaste vilkåret for vellykka kommunikasjon er alltid planlegging, konstaterer Gill Kristiansen.

    Open dåpsdag som del av festival

    Då Stavanger domkyrkje arrangerte «den glade dåpsdagen» og drop in-dåp for første gong i sommar, var samarbeidet med media viktig, fortel kapellan Sølvi Iren Vinnes.

    – Det at media spelte på lag med oss og vi kom ut med arrangementet i pressa, var vesentleg for at folk melde seg til dåp. Men det var ikkje gjort i ei handvending. Vi sende pressemeldingar, tok kontakt på telefon og stod på, fortel Vinnes, som arrangerte dagen saman med dialogprest Silje Trym Mathiassen.

    Dåpsdagen var òg ein del av festivalen Gladmat. Det gav dei draghjelp både med artikkel på heimesidene til festivalen og sponsa dåpsfestkaker og tapas.

    – Vi hadde eit todelt tilbod: I Bispekapellet hadde vi drop-in-dåp der folk ikkje måtte melde seg på på førehand. Seremoniane der var rolege og høgtidelege, og vi hadde skaffa fadrar og dåpskjolar til dei som trong det. Etterpå feira vi med kaffi og kake. Her blei seks personar døypte.

    – I sjølve domkyrkja blei ni barn døypte i det vi kalla «den glade dåpsdagen». Vi ønskte å gjere domkyrkja om til barnas katedral. Kyrkja var pynta til fest, vi hadde blomstrar, musikk, såpebobler, leik og barnleg stemning. Eg trur folk opplevde at kyrkja blei brukt til ei ordentleg høgtidsstund, samtidig som kyrkjerommet levde. Gladmat stilte med kake og tapas, og folk blei igjen til ein flott dåpsfest bak i kyrkja. Her blei ni barn frå tolv år og nedover døypte.

    – Det blei to svært ulike dåpsseremoniar som femna både det store og det stille. Fleire formidla at dette var ei gåve dei ville gi barna sine. Dette aspektet kom tydeleg fram i dåpssamtalane òg. Somme etterlyste meir informasjon om dåp på helsestasjonar og andre stader: «Dette bør fleire få vite om!»

    – Den mest meiningsfulle dagen

    Då Kyrkja i Fredrikstad inviterte til drop-in-dåp for første gong, i Gamle Glemmen kyrkje, blei heile 14 personar frå 0 til 70 år døypte på éin og same laurdag.

    I mars i år blei det på nytt arrangert drop-in-dåp, denne gongen i Fredrikstad domkyrkje. Dei tilsette var spente på oppmøtet. Kanskje var alle som ønskte det, blitt døypte året før?
    – Fem personar hadde meldt seg på førehand, og så kom det faktisk fem til. Det blei ein fantastisk dag i kyrkja for alle som var der, fortel sokneprest i Fredrikstad domkyrkje, Jon Albert Ihlebæk.

    Uutsletteleg inntrykk

    – Vi har fått veldig mange gode tilbakemeldingar. Fleire barn av ikkje-medlemmer blei døypte, og dei vaksne i dåpsfølgjet fortalde etterpå at det gjorde eit uutsletteleg inntrykk å vere med på dette. Dei frivillige som hjelpte til, sa at det var den mest meiningsfulle dagen dei hadde hatt i kyrkja.

    Domkyrkjekjellaren var fint pynta, og medlemmene i kyrkjelydsrådet hadde laga eit innbydande festbord. Der kunne dåpsfølgja vente på tur og feire med kake og kaffi etter dåpen. I kyrkjedøra blei alle som «droppa inn» ønskte velkommen, og dei fekk hjelp med å ordne formalitetane.

    – Somme trudde dei hadde gått feil. Dei tenkte at festbordet sikkert var laga for nokon andre enn dåpsfølgja, smiler Ihlebæk. Vi hadde òg innreidd med døypefonten midt i kyrkja, og organisten spelte i kvar seremoni. Vi var to prestar. Den eine hadde dåpssamtale mens den andre døypte, og så bytte vi plass. Det gjekk i eitt!

     

    Den store dåpsdagen i Arendal

    En kirke med mange personer rundt døpefonten.

    Dåpen er stor - ja, størst av alt. Derav navnet på den felles dåpsdagen i Arendal prosti.

    - For oss er «Den store dåpsdagen» en anledning til å si at vi er her som kirke, og vi har dørene åpne for alle som ønsker dåp, sier Jorunn Raddum. Hun er prost og en av mange som deltok under Den store dåpsdagen som menighetene i Arendal inviterte til under Arendalsuka.

     

    Slik inviterte Fagerborg menighet til drop-in-dåp i 2023

    Har du vurdert å bli døpt, eller få ditt barn døpt? Tenker du at det hadde vært fint å markere din eller barnets tilhørighet og forankring på den måten, men at det blir for mye styr; for dyrt; at du ikke er enig i alt Den norske kirke står for; at det er vanskelig med familiesamlinger, eller at du er for gammel? Da kan drop-in-dåp være noe for deg.

    Dåpen er verdens største kjærlighetserklæring. Vi kommer inn i kirkens rom, og Guds frelsende nåde og kjærlighet øses over oss, uten at vi har gjort noe annet enn å være til og komme eller bli båret til dåp. I dåpen sier vi ja til Guds ja til oss, og blir del av den verdensvide kirke og fortellingen om Guds kjærlighet som er sterkere enn døden.

    10. juni 2023 inviterer vi i Fagerborg kirke til drop-in-dåp. Kirken er åpen kl.12-16, Sunniva prest, gode medarbeidere og dåpsvannet er klar, kaffen er varm og brusen kald, og kantor Gjermund spiller på ett av Oslos fineste orgler. Vi har dåpskjoler til små barn på utlån, og kan stille med faddere om du ikke har.
    Du-dere får en samtale med presten i forkant av dåpen. Ta med legitimasjon. Ved dåp av barn må begge foreldre samtykke, om de er to. Beregn eventuelt litt ventetid -med musikk og kirkekaffe. Velkommen!

  • Sjekkliste i kommunikasjonsarbeidet

    Steg for steg i kommunikasjonsarbeidet rundt drop-in-dåp

    Alle trenger ikke gjøre alle disse punktene i kommunikasjonsarbeidet rundt drop-in-dåp, men her er noen gode erfaringer fra andre som har gjennomført drop-in-dåp tidligere. Bruk de stegene dere har behov for.

    1. Forankre og snakk sammen i staben
      Hvordan kan vi jobbe sammen om drop-in-dåp? Når ønsker vi å gjennomføre dette? Hvem gjør hva? Hvordan kan vi involvere frivillige? Hva har vi som mål?
      Se gjerne huskeliste under "Planlegging" i sidemenyen. 

    2. Tilgjengeliggjør informasjon på nett
      Legg inn arrangementer i skjerikirken.no og del eventuell praktisk informasjon om arrangementet på nettsider og sosiale medier.
      Se ressurser i "Nettside og sosiale medier" i sidemenyen.

    3. Utforsk ressurser til fri bruk:
      Bruk videoer til sosiale medier, bruk plakatmal og bilder fra bildearkivet, lån fra andres erfaringer.
      Finn ressurser i sidemenyen.

    4. Kontakt lokalpresse
      Drop-in-dåp er en gladsak og mange medier ønsker å skrive om det. Tips lokalpresse om hvordan dere planlegger dagen, involvering av frivillige eller avtal med en person som skal bli døpt om at det er ok å stille opp i presse.

    5. Annonser
      Gjør tilbudet kjent! Annonser til papiravis og sosiale medier ligger tilgjengelig til fri bruk. Bruk gjerne plakatmaler og heng opp på kirkens oppslagstavle eller på nærbutikken. 
      Finn ressurser til fri bruk i sidemenyen.

    6. Fortell historier
      Ta bilder underveis (kanskje en oppgave for frivillige?) og hent inn samtykke til bruk. Prioriter å gjøre intervjuer i etterkant om det er travelt på selve dagen. Del bilder og historier om dagen gjennom egne nettsider, menighetsblad og sosiale medier.
      Er det ingen som ønsker å stille opp på bilde? Ta et bilde av medarbeiderne som har vært involvert: noen som ønsker velkommen, kakeservering, prest ved døpefonten, kirkemusiker/kantor som gjør seg klar. Del om hvordan dagen har vært for dere!

    7. Del historiene med lokalpresse
      Var det ikke aktuelt for pressen å være til stede ved dåpshandlingene? Del gjerne historiene og eventuelt bildene dere har skrevet og tatt med pressen i etterkant. 

    8. Evaluer
      Gå sammen i staben i etterkant. Hvordan gikk det? Oppnådde dere det dere ønsket? Hva skapte god synlighet?
      Har dere erfaringer dere vil dele rundt kommunikasjonsarbeidet? Ta gjerne kontakt med Kjetil Bondevik, seniorrådgiver i kommunikasjonsavdelingen i Kirkerådet på e-post.
  • Promotering med skjerikirken

    Det viktigste du gjør er å passe på at menighetens arrangementer er tilgjengelig på skjerikirken. → Les mer om hvordan bruke skjerikirken.

    Kirkerådet vil kjøpe annonser på nett som invitere folk til å utforske dåp og drop-in-dåp i periden. Folk bli invitert til å sjekke ut oversikten over dåpsarrangementer på skjerikirken.no.

    Skriv gjerne også informasjon om hvordan drop-in-dåp fungerer hos dere på menighetens nettside.

    Du kan publisere arrangement via skjerikyrkja.no/portal. Velg emneknaggen "drop-in-dåp" for å automatisk komme med i oversikta på skjerikirken.no/tema/drop-in-daap automatisk.

    Skriv drop-in-dåp i arrangementet-teksten og/eller -tittelen for å vere sikker på at det kjem med i den nasjonale oversikta på siden skjerikirken.no/tema/drop-in-daap

    Du kan også publisere arrangement gjennom agsystem som Kardinal eller Medarbeideren. Les meir om korleis du publiserer arrangement på ressursbanken.no/skjerikirken, under fana "Publisere arrangementer".

  • Videoer, tekster og bilder til sosiale medier

    Videoer til fri bruk på nettside og sosiale medier

    Last ned animasjonsvideoer

    Last ned videoer med foto av dåp av mennesker i ulike aldre

    Last ned videoer med foto av dåp av barn

     


    Banner til Facebook


    Korte tekster til sosiale medier

    Eksempeler på tekster som lokalkirker har brukt til innlegg på Instagram og Facebook. Kanskje det er formuleringer her som kan brukes, eller skrives om?

    • Vil du at ditt barn skal bli døpt i Den norske kirke? Eller ønsker du selv å bli døpt? Dåpen er flott tradisjon og en stor begivenhet uansett om den som døpes er ung eller gammel. En drop-in-dåp er helt enkelt og like stort.
    • Helt enkelt - like stort! Er du voksen og har tenkt på å bli døpt? Ble dåpen for en sønn eller datter utsatt på grunn av korona? Konfirmant som vil bli døpt i god tid før konfirmasjon? Uansett hva historien er, hjertelig velkommen til Drop in dåp i xxx kirke lørdag xx. xxx kl 12-15. Du trenger bare å møte opp med legitimasjon, så fikser vi resten!
    • Du inviteres til drop-in-dåp i xxx kirke. Lørdag xx. mai kl. 14.00 - 16.00 kan folk i alle aldre komme innom og bli døpt – der og da. Helt enkelt - like stort.
    • Ta med legitimasjon og/eller fødselsattest. Hva skjer? Du tilbys en kort prat med presten, før turen går til døpefonten. Tilbudet har lav terskel, og er enkelt, men seremonien vil være verdig og vakker med salmesang og orgelbrus.
    • For hvem? For hvem som helst. Ung eller gammel, troende og tvilende... Kom som du er! Og hvor du enn bor. Vi kan ordne faddere der og da, men ønsker du å ta med faddere (minst to), eller andre følgesvenner, er det bare hyggelig.
    • Hva er dåp? Gjennom dåpen blir man en del av et fellesskap som strekker seg verden rundt – til alle tider. I dette fellesskapet finnes vanlige mennesker som Gud i dåpen lover å følge gjennom livet. De fleste som døpes, er barn. Ett bilde på dåpen er nettopp at ingen kan bære seg selv. Voksne erfarer det samme som barn, at vi trenger fellesskap og støttespillere. Kirken ønsker å være et slikt fellesskap.
  • Maler

    Trykksaker

    Brosjyre og plakater som kan brukes i arbeidet med dåp finner du på design.kirken.no under "Underprofiler". Få tilgang til alle ressurser ved å logge inn.

    Plakater for drop-in-dåp

    Plakater og skilt til bruk i forbindelse med drop-in-dåp.

    Ny plakatmal ligger i design.kirken.no her.

     

     

    Bruk Den norske kirkes bildearkiv og malverktøy

    I design.kirken.no kan du finne profilelementer, bilder og maler som kan brukes fritt i Den norske kirke. → Klikk her for å komme til design.kirken.no.

    I bildearkivet finner du hundrevis av bilder av kirkelige handlinger, høytider, diakoni, frivillighet, gudstjenester og mye mer fra Den norske kirke. Alle bildene har gyldig samtykke for bruk i Den norske kirke → Direktelenke til bildearkivet her (krever innlogging)

    På design.kirken.no finner du også maler til trykk, digitale flater og administrasjon. Her finnes et eget malverktøy hvor du enkelt kan designe plakater, brosjyrer og bilder til poster i sosiale medier rett i nettleseren. Du finner også nedlastbare maler til både avanserte InDesign-filer og enkle Word/Powerpoint-maler → Direktelenke til maler her (nedlastbare maler tilgjengelig uten innlogging, logg inn for å bruke malverktøy)

    Slik logger du inn på design.kirken.no

    Logg inn her. Trykk på den røde knappen om du har @kirken.no/@kyrkja.no-e-post. Trykk på Trykk her for å logge inn med en annen e-post om din e-postadresse ikke slutter på @kirken.no/@kyrkja.no.

  • Bilder

    Bilder

    Det finnes mange bilder av dåp av mennesker i alle aldre i Den norske kirkes bildebank.

    Gå på design.kirken.no, logg inn og hent bilder til ditt bruk.

    Illustrasjoner

    Illustrasjonene kan brukes fritt i alle typer publikasjoner, kommunikasjonsmateriell og digitalt i Den norske kirke. Navnet på illustratøren skal oppgis.

    Erica Jacobsen har laget illustrasjone spesielt for Den norske kirke og hun er en etterspurt svensk illustratør.

    Ressursbanken inneholder en rekke andre illustrasjoner til fri bruk.

    Illustrasjoner i jpg-format med farget bakgrunn. Trykk på bildet og velg Lagre som for å laste ned bildet. 

    Illustrasjon_2_CMYK.jpg Illustrasjon_6_RGB.jpg

    Illustrasjoner i png-format uten bakgrunn. Trykk på bildet og velg Lagre som for å laste ned bildet. 

     Illustrasjon_2_CMYK.png         Illustrasjon_6_CMYK.png

     

    Illustrasjonene skal krediteres: Erica Jacobsen

    Flere bilder og illustrasjoner fiinner du i denne ressursen