Kirken logo

Bruk lovlege bilete

Skal du bruke eit illustrasjonsbilete i ei brosjyre, i kyrkjelydsbladet eller på nettsida? Om du ikkje har godkjenning frå fotograf kan det bli dyrt.

Bruk lovlege bilete
Publisert 6. februar 2025
Oppdatert 14.02.2025

Åndsverkslova i Noreg set rammer for opphavsretten på eit bilete. Dersom du ikkje har godkjenning frå fotografen, illustratøren eller byrået som har laga biletet kan det bli dyrt.

Difor bør du bruke bilete der du veit at rettane til bruk er avklart. Her er tre tips til stader du kan finne illustrasjonar du kan bruke fritt:

  1. Bildearkivet på design.kyrkja.no. Her er det 2500 bilete til fri bruk. Alle bileta er tekne i ein norsk samanheng, og bileta kan bli fritt nytta av alle einingar i Den norske kyrkja. Det er heilt gratis, men du må logge inn for å kunne laste ned bilete. Les meir her
  2. Ulike illustrasjoner. I en egen side på ressursbanken finner du illustrasjoner og ikoner som fritt kan brukes.  Ved å velge profilmanual i toppmenyen, kan du se "Ikoner" under verktøykassa i menyen til venstre. Her finnes piktogrammer til fri bruk. 
  3. Gratissider med bilete, for eksempel pixabay.com eller pexels.com. Her publiserer ulike fotografer bilder som fritt kan brukes. 

Husk alltid å kreditere fotograf! For eksempel "Foto: Bo Mathisen / Den norske kirke" eller "Foto: Andrew Yolik / pexels.com". 

Bilete generert av kunstig intelligens

Du kan til dømes bruke CoPilot eller andre KI-verktøy for å generere illustrasjonar. Desse kan du bruke fritt. Les kyrkja sine råd om bruk av kunstig intelligens her

Dersom du gjer dette er det viktig å opplyse om at illustrasjonen er generert ved hjelp av kunstig intelligens. Til dømes slik: Illustrasjon: Kirkerådet/Generert av Copilot (KI).

Sjekk alltid at du har lov

Den siste tida har fleire sokn fått krav frå NTB Bilder og andre fotobyrå, der eit fotografi har blitt brukt utan samtykke eller betaling. Det kan koste fleire tusen kroner å bruke eit slikt bilete.

Ver difor varsam med å ta bilete frå søkemotorar eller nettsider der du ikkje veit om du har lov. Til dømes vil eit NTB-bilete brukt i ei nyheitsmelding på dei nasjonale kirken.no-sidene, kun vere kjøpt til bruk i denne saka. Det er difor ikkje lov å kopiere dette biletet å nytte det vidare i andre samanhengar.