God nok
Hvordan styrka barns psykiske helse i overgangen til ungdomstiden?
-
Alder
9-12, 13-15 -
Laget av
Landro sokn -
Publisert
04.03.2024 -
Oppdatert
04.03.2024
-
Beskrivelse
Formålet med God nok er å styrkja barns psykiske helse i overgangen til ungdomstida. Prosjektet er støttet med innovasjonsmidlar frå Kyrkjerådet.
Samskaping mellom kyrkje og skule
Som kyrkje i lokalsamfunnet ønskjer me å ta barns psykiske helseutfordringar på alvor og gjera noko for ungdom i nærmiljøet. Det er eit 1 ½ årig samskapingsprosjekt mellom Landro kyrkje og Landro skule. Prosjektleier er diakon Torunn Nateland Utvær, hun samarbeider tett med helsesjukepleiar på skulen. Me ønskjer å gi barn høve til trygge fellesskap, samtale og aktivitet.
Tilbudet
Me har jente- og gutegrupper i skuletida annakvar veke. Her tek me opp ulike tema innan psykisk helse. I haust leigde me inn Søgnie Lillevik Nilsen frå Diameta, eit kompetansesenter for sjølvkjensle og livsmeistring. I vår er planen å leiga inn Barnevakten, ein ideell stifting som jobbar for at barn og unge skal bruka digitale medium på ein trygg måte.
Annakvar veke har me “Etter skuletid” i Landro kyrkje. Her har me med oss fire frivillige, pensjonerte pedagogar. Me har fokus på å vera mange trygge og gode vaksne som har tid og kan sjå den enkelte. Etter eit varmt måltid med god tid til prat, har me spel og aktivitetar i kyrkjekjellaren, mellom anna bordtennis og biljard. Me har også hatt aktivitet og grilling på bålpanne i kyrkjehagen, og tur i skogen med bål og grilling. På avslutning før jul var gleda stor når me hadde bowling og pizza på Fjell-ly leirplass på Møvik.
Eit fleirtal frå 7. trinn på Landro skule har vore eller er med på God nok. Tilbodet er livssynsope.
God nok-dør
I Landro kyrkje har me ei eiga dør me bruker. Der står det: “God nok – verdifull for den du er og ikkje på grunn av det du presterer.”
Kontaktpersoner
Relaterte ressurser
-
Håp for oss - håp for meg
Utgangspunkt for dialog med ungdom om psykisk helse, med globalt perspektiv
-
RISK - modige samtaler
Samtaleopplegg om respekt, identitet, seksualitet og kropp
-
Snakkekort
En kortstokk med spørsmål og dilemma om aktuelle tema i ungdommers liv